NESTE

Ref:
Date:
Location:
Photographer:
ORD

DET STORE TURISTOPPRØRET - EI NYHEITSSENDING


________________________________________________


Her er NRK Dagsnytt, klokka 18.
I Italia har det i kveld brote ut eit stort turistopprør. Det er uklart kva bakgrunnen for opprøret er, men politiet i Roma melder i kveld om stor uro på Petersplassen og rundt Colosseum. Fleire turistar har sett fyr på suvenirbutikkar og velta turistbussar. Mange guidar er drepne.


Her er NRK Dagsnytt, klokka 12.
Turistopprøret i Italia har no spreidd seg til andre stader i verda. Frå kyrkjer og kunstmuseum over heile Europa kjem det meldingar om harde kampar mellom opprørsstyrkar og rasande turistar. Framståande kommentatorar meiner det berre har vore eit tidsspørsmål før turistklassen, den siste store befolkningsgruppa i verda, samla seg og gjorde opprør, og at styresmaktene verda over har oversett viktige signal på kva som ville koma.

Her er NRK Dagsnytt, klokka 6.
I samband med det store turistopprøret er det i kveld innført portforbod i dei større byane i Italia, Frankrike og Tyskland, og store hærstyrkar er utplasserte for å sikra tryggleiken til sivilbefolkninga.

Her er NRK Dagsnytt, klokka 10.
Turistopprøret som har herja verda dei siste vekene, har no gått inn i ei avgjerande fase. Fleire millionar turistar over heile verda har forskansa seg i kyrkjer, tempel og kunstinstitusjonar, men motstanden har no minka drastisk, melder den øvste leiinga for hæren i fleire land. Regjeringa i Italia trur dette skuldast at turistane ikkje har hatt råd til å leva på dyre turistmenyar over lang tid, og mange lir og av alvorleg feilernæring.


Her er NRK Dagsnytt, klokka 21.
Styresmaktene i Frankrike melder at turistopprøret i landet no er slått ned. Regjeringa ville ikkje gå i dialog med turistane, og innførte i staden portforbod og unntakstilstand. Det var eit trist syn som møtte soldatane då dei i morgontimane i dag tok seg inn på områda kring Louvre. Stanken inne i museet var uuthaldeleg, og det er ikkje funne overlevande blant turistane etter det som truleg må karakteriserast som det verste opprøret gjennom historia. Merkeleg nok er ingen historiske byggverk eller kunstverk blitt skadde eller øydelagde i dei valdsame kampane som har rast. Berre hotell og suvenirbutikkar er blitt heilt øydelagde. Likevel seier framståande høgreradikale intellektuelle i ein kommentar at det er som om heile det kollektive minnet til den vestlege sivilisasjonen er radert ut.


Det er heilt klårt fleire grunnar til det vi har vore vitne til dei siste vekene. Først og fremst er det påfallande i kor sterk grad styresmaktene har oversett den veksande uroa i denne befolkningsgruppa. Truleg heng dette saman med at turistklassen som gruppe ikkje har hatt særmerkte nasjonale preg, men derimot hatt klåre kjenneteikn på tvers av landegrensene. I tillegg er ikkje historia til turistklassen like lang og blodig som til dømes historia til arbeidarklassen, og dette gjer at mange ikkje har trudd at ei så stor samkjensle av urettvise har kunna akkumulera seg i tilstrekkeleg grad. Turistklassen har heller ikkje hatt sterke leiarar opp gjennom historia. Men av grunnar vi ikkje heilt har avdekka enno, ser vi at mange reiseleiarar har klart å reisa tilhengarar frå til dels store massar av turistar. Kor samkøyrd dette opprøret har vore, ser vi mellom anna på likskapen mellom opprøret i Roma og opprøret i Paris, der nær sagt alle suvenirbutikkar blei sette i brann samstundes. Det som truleg har forbausa styresmaktene mest, og også dei sivile, er at ingen av dei store kyrkjene eller musea har vore utsette for den minste vandalisme. Dette er jo stikk i strid med den populære oppfatninga som alltid har funnest om turistar, nemleg den at det er den store turisttrafikken som er mest øydeleggjande for gamle minnesmerkjer. I staden har vi heile tida sett ein tendens til ei nærast ekstatisk vilje til å gje seg hen til opplevinga av just det minnesmerket turistane har vore i nærleiken av i det turistopprøret braut ut. Kanskje kan det henga saman med ei no eller aldri-oppleving utifrå situasjonen, eller så er det just her vi må søkja sanninga om kvifor opprøret braut laus. Kanskje har det å gjera med ei innfor døden-oppleving, på same måten som ein kan innbilla seg at eit menneskje ikkje lever fullare og heilare enn nett før det skal lata livet. Men vi kan også sjå på dette som eit slags gralsfunn, ei oppleving av at ei livslang leiting er over, kanskje ei erkjenning av kva ekte nærleik er innfor ei kjensle av endeleg oppløysing. Det som har forbausa ekspertane i ettertid, er at andleta til alle dei daude ikkje var prega av angst eller redsle. Dette til trass for at dei må ha omkome under dei verste forhold.