Ref:
Date:
Location:
Photographer:
ORD

SONNETTER

__________________________________________________

BRIST

Utenkt, tenkt, det dreiv i skallen ei hol
dirrande røyrsle, draumar beit og åt,
gnog og rista av traumer, syner mól
andsynes verda ei rangleitt, sveitt og våt

febersvæle. Veik og redd i sol,
feig som sau om natta, dyrelåt
lét i svarte skog og seld sjel gol
armods ljod frå elv med roten båt.

Svarte fanden tok imot! Og orv
slo for fote vitet under torv.
Kald i kroppen slo eg augo att,

sokk i barndoms blakke dalar, matt
såg eg liv og æve gå til ro.
Svarte krossar stod på klaka mo.



METRO

Eg køyrer undergrunn i lang, lang tid.
Eit hundelik i flyt ved morgongry
sit fast i tankane, forbi-forbi
i flimmer fyk stasjonar, ljos og Rue

de St Michel. Hjarta skrik fordi
det kjenner kjærleikssorg i denne by
av romantikk - så eg vil vekk: Sortie!
To franc til tiggarhand i farta, ny

og frisk ljod blæs imot, eg høyrer song
frå musikantar: Harpe, fiolin
bèr Ave Maria lint ikring. Det skin

i rulletrapp, og varsamt miskunns trong
gjev hjarta ljos og fred, og sola strør
parisarloffar over Sacre Cœur!



TIL FJELLS

Eg kjenner forma er god, og djervt går eg laus
på kleiva. Eg klyv lett, finn stigen snøgt
og kryssar elva attmed stølen. Høgt
der oppe ser eg nuten, fjellets haus.

Eg vandrar leine lier og spring over myrer.
Eit lemen skvett og gøymer seg under ein stein
der eg hastar mot høgda og rastlaus gjer vegen bein.
Eg vyrder korkje snø eller heng, snart styrer

eg inn i ukjent terreng. Det vert tungt å gå
og knea knakar i kneikene. Eg kan ikkje sjå
den nuten nokon stad. Eg kjenner på kroppen

at kreftene skortar. Vinden kjem austantil
med regn, skal tvinga meg heim, men no vil
eg opp og lesa kinetiske vers på toppen!



MANNDOMSPRØVA

Ein mann er mann når børsa vèl han klarar,
og lystrar bikkja òg, då er han staut,
som her ein dag eg ville jaga harar,
og la til skogs med Karo, glad og kaut.

Som best det var gjekk losen oppi skaret,
eg lyfta børsa, sikta vèl og skaut,
då knatt det stygt og bikkja rømde snaret,
for haren sette i eit fælsleg raut.

Då visste eg med meg, her gjeld det helsa,
og slengde børsa, sette heim for frelsa
med bikkja fremst og oksen hakk i hel.

Eg sprang for livet og mim arme sjel,
men far i tunet lo og mor i stova,
for bikkja sprang med meg på slep i rova.



VINTERSØG

Eg sette utfor lia så det søydde
imellom osp og lerkelegg, eg fauk
så snøen draus or baret, kulda rauk
frå djupe skaret, Karo lo og gjøydde

med rova i logrande leik, eg òk krubbe
med stålsette meier i dalande lende, hauk
og hare, bjørn og skrubb or vegen strauk,
eg flaug og fòr, siglde over stokk og stubbe

i stup nedetter bakken i brattaste henget
med kvervlande vind om øyro, eg lika terrenget,
eg sokk i det, fall mot djupet, køyrde villt,

så krubba skòk og gauv mot enden på ferda:
den mjukaste, kvitaste fonna i denne verda.
Då song det tungt i stein og alt vart



OFELIA

Som krans på grava til ein galen prins,
fall du i bekken seint ein sommarkveld,
du låg og song om alt som ikkje fins,
og straumen breidde ut ditt kledestell.

Av løyndoms sanning vart du sjuk til sinns,
ein blomeknopp som spring, eit lauv som fell
i vatnet - var ditt liv. Det låg ein krins
av blomar kring ditt andlet, og ein eld

av von. Men sidan vart du berre kropp:
Du låg og duva i eit gjørmebad
med augo att og buken hovna opp.

Ofelia! Så stille som eit lik
kan flyta dreiv du blometyngd av stad
og vart kompost i botnen av ei vik.